Sigve Hølleland frå Ostereidet vart nummer to i juniorklassen.

Sigve Hølleland frå Ostereidet vart nummer to i juniorklassen. Picasa

Yrande sjakktalent frå Ostereidet

Sigve Hølleland stakk av med 2. plassen i juniorklassen under ei landsturnering i Trondheim.

Sjølv om han var nianderangert i klassen, viste han ingen respekt og starta turneringa med å vinna dei 4 første partia. Turneringa gjekk føre seg i slutten av juli, og er den største i Norge og samlar barn og vaksne i alle aldrer - over 500 deltok i ulike klassar.

- Det er litt surt, nei veldig, veldig surt seier Sigve når han får skryt for godt spel og ein sterk andreplass i turneringa. Eg kunne avgjort dette ved å ta poeng i det siste partiet, det klarte eg ikkje etter å ha spelt svakt i starten av partiet.

I tillegg såg det ei stund ut til at han som til slutt sikra seg NM-tittelen skulle tapa sitt parti, han klarte å kjempa seg tilbake og sikra seg remis (uavgjort) og passerte meg med eit halvt poeng. Klassen var svært jamn, dei 7 første plasserte seg innanfor eit poeng. Sigve uttalte i vår (etter NM-sigeren på Fagernes) at det første målet var å bli meisterspelar (over 2000 i rating), dette målet nådde han i denne turneringa - no er det tid for å setta seg nye mål.

- Først og fremst er målet å bli ein betre sjakkspelar, og så har eg lyst til å bli FM (over 2300 i rating). For å nå desse måla må eg nok bli flinkare på eigentrening, eg må spela betre i opningane og ta fleire poeng med dei svarte brikkene. I tillegg må eg jobba med å legga gode planar i midspelet og forbetra sluttspelteknikken.

NTG og VM i Sør-Afrika

Sigve held i haust fram på sjakklinja på NTG i Bærum og er ikkje i tvil om at det første året saman med gode lærarar (m.a. GM Simen Agdestein) og flinke medelevar er hovedgrunnen til framgangen på sjakkbrettet.

- Eg ser fram til skulestart og nye turneringar, resultata eg har fått til dette året gjer at eg har fått tilbod om å vera med i VM for Ungdom i Sør-Afrika. I den turneringa er målet å få til gode parti og auka ratingen, nivået er alt for høgt til at eg kan vera med og kjempa om å havna i toppen i den turneringa. Det er uansett både kjekt og viktig å få vera med i denne typen turneringar når ein skal utvikla seg vidare som sjakkspelar.

I tillegg til Sigve spelte Kjetil Andås ei god turnering i samme klasse, han var den einaste som sigra mot noregsmeister Eivind X. Djurhus og han klarte remis mot den høgast ranka i klassen. Som lavast rangert i klassen vart det etterkvart tøft å heile tida møta motstand 3-400 over i rating.

- Det er alltid kjekt å møta gode sjakkspelarar og eg hadde gode stillingar i fleire av dei partia eg tapte. Om ikkje plasseringa var så mykje å skryta av er det kjekt med ratingframgang, og eg får vist at avstanden opp til dei beste i klassen ikkje er så stor som poenga skulle tilsei. Yngve Rasdal har etablert seg i klasse 2 og spelte ei god turnering og sikra seg ratingframgang med 5 poeng på ni rundar.

NM i lynsjakk

Bjørn H. Benjaminsen fekk best flyt på brikkene av masfjorspelarane og sikra seg ein sterk andreplass i klasse 4 i NM i lynsjakk søndag 20. juli - samme dag som det norske Sjakkforbundet (NSF) fylte 100 år.

- Dette gav meirsmak, neste år trur eg at det må bli meir enn ein dag saman med gode sjakkvenner og litt meir speling - kanskje prøver eg meg i hovudturneringa etter gamalt.

Sigve og Kjetil var nok utlada etter lange dagar med sjakk og nådde ikkje finalegruppa i klasse Junior. Odd Birkestrand hadde ei variert turnering og imponerte undervegs med å vera dein einaste som klarte å sigra mot dei to som kom på første- og andreplass i turneringa. Tap mot ein del lavare rangerte spelarar gjorde at dette likevel ikkje held til premieplass i klasse Senior (over 60 år).

Web levert av CustomPublish