Ordførarar og rådmenn frå alle dei fire kommunane er styringsgruppe for prosjektet.

Ordførarar og rådmenn frå alle dei fire kommunane er styringsgruppe for prosjektet.

Vil utvikla attraktive regionsenter

Byregionprogrammet i regi av Os, Meland, Lindås og Fjell kommunar er i full gang. Målet med prosjektet er å utvikla attraktive regionsenter og gjennomføra tiltak som styrkjer regionsentera.

Hordaland fylkeskommune har utarbeidd ein regional plan for attraktive senter i fylket, og i desse fire samarbeidande kommunane er Lindås, Os og Straume peika ut som regionsenter.

Staten har løyvd i underkant av 2,5 millionar kroner til Byregionprogrammet.

Styringsgruppa er samansett av ordførarane og rådmennene i dei fire kommunane. På eit møte i Lindås nyleg, drøfta styringsgruppa mellom anna dei tre innsatsområda i prosjektet:

  • gang- og sykkelstiar
  • kvalitet i bumiljø
  • arbeidsplassar/næringsutvikling


Fleire undersøkingar

Prosjektleiar Eli Janette Fosso opplyser at på møtet i sist veke vart tiltaksplanen godkjent. I dei tre innsatsområda skal det gjennomførast undersøkingar som skal gje grunnlag for tiltak og pilotprosjekt.

- Når det gjeld sykkelstrategi, arbeider vi med å avdekkja hindringar for å bruka sykkel i og omkring dei ulike regionsentera. Vi treng informasjon om desse hindringane, seier Fosso.

I kvar kommune skal det veljast eitt pilotprosjekt som skal fremja sykkelbruk.

Også når det gjeld kvalitet i bumiljø ønskjer styringsgruppa at det vert gjennomført undersøking i alle dei fire kommunane. Kven bur der i dag og kva kvalitet skal til for at dei flyttar dit? Det er ønske om mangfald i busetnaden og at det mellom anna vert lagt til rette for grøntstruktur og gang- og sykkelvegar. Også her er det aktuelt med pilotprosjekt.

- Her snakkar vi gjerne om sentrumsutstrekning. Det handlar om å sikra nærleik til tenester, handel og liknande som inngår i dagleglivet til folk. Folk skal kunna nå desse tenestene til fots eller på sykkel, seier Fosso.

Arbeidsplassar og næringsutvikling
Det tredje innsatsområdet er arbeidsplassar og næringsutvikling. Styringsgruppa vil gjennomføra ei undersøking også om dette temaet. Kor flinke er kommunane å leggja til rette for å skapa næringsutvikling nær sentrum slik at innbyggjarane kan gå og sykla til jobb og dermed redusera transportbehovet?

Generelt ønskjer ein i prosjektet å leggja til rette for medverknad og involvering. Det er mellom anna viktig at nabokommunar til dei fire kommunane i prosjektet vert involverte i arbeidet.

Det vert lagt opp til eitt møte i styringsgruppa kvart halvår. På møtet i sist veke møtte arbeidsgruppa ved Eli Janette Fosso, Aina Tjosås, Anny Bastesen, Frøydis Ones og Arnold Matre.
 

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Eli Janette Fosso

Web levert av CustomPublish