No vert kulturaktørane i Lindås, Meland og Radøy oppmoda til å samla seg for å laga eit heidundrande kulturprogram fram mot kommunesamanslåinga 2020. Mandag 12. november klokka 19.00 er alle invitert til idédugnad i kantina i Nordhordlandshallen.

Vil skapa aktivitet i Alver

Er du kulturaktør i Lindås, Meland eller Radøy? Då inviterer vi deg til å bli med på å laga kulturprogram fram mot nye Alver kommune.

Korleis kan kulturaktørar og -aktivitetar bidra til å skapa interesse for og tilhøyrigheit til den nye kommunen? Lag og organisasjonar vert no invitert til idéverkstad for å planleggja arrangement som skaper tilhøyrigheit til nye Alver kommune. Lindås, Meland og Radøy kommunar vert 1. januar 2020 slått saman til Alver kommune. Som eitt av tiltaka for å skapa interesse for og tilhøyrigheit til den nye kommunen, skal det lagast eit aktivitets- og kulturprogram for perioden januar 2019 til januar 2020. Det er kulturavdelingane i Meland, Lindås og Radøy kommunar som står bak invitasjonen, og som skal planlegga programmet saman med lag og organisasjonar i dei tre kommunane.

Vil utvikla samarbeid

– Alver Kulturforum er eit treffpunkt mellom kulturavdelinga i kommunane, frivillige lag og organisasjonar og det profesjonelle kulturlivet i det som vert Alver kommune. Målet er å utvikla samarbeidet mellom dei ulike kulturaktørane og med kommunane, fortel Bente K. Hervik, som er leiar for kulturprogrammet.

– Vi håper at kulturarrangementa skal bidra til å skapa interesse for og tilhøyrigheit til den nye kommunen, og vera med å løfta kulturtilbodet i det som vert Alver kommune. Arrangementa kan vera eit samarbeid mellom lag i minst to av kommunane, ei arrangementsrekkje med arrangement i kvar av dei tre kommunane eller arrangement av ein slik storleik at det har heile Alver kommune som nedslagsfelt, seier Hervik. Ho håpar at mange lag og organisasjonar vert inspirert til å bidra til aktivitets- og kulturprogrammet fram mot nye Alver. Kulturprogramgruppa ser vidare på korleis kommunane kan bidra i dette. Hervik seier at alle detaljane ikkje er på plass enno, men informasjon om dette vil kome på heimesidene til dei tre kommunane, og på www.alverkommune.no

Idéverkstaden finn stad i kantina i Nordhordlandshallen måndag 12. november klokka 19.00 - 21.00.

– Vi håpar på godt oppmøte og mange kreative innspel, avsluttar Hervik.

AKTIVITET: Arbeidsgruppa som arbeider med aktivitets- og kulturprogrammet i Alver Kommune håper at kulturarrangementa skal bidra til å skapa interesse for og tilhøyrigheit til den nye kommunen, og vera med å løfta kulturtilbodet i det som vert Alver.

Web levert av CustomPublish