Vil opne mottak før nyttår

Hotell Lune Huler kan bli mottak for 40 mindreårige flyktningar før nyttår.

Torsdag 29. oktober fekk formannskapet i Lindås to orienteringar:

  1. Om flyktningesituasjonen i Noreg – ved regiondirektør Atle Berge i UDI
  2. Om planar for eit mottak på Vågseidet – ved regionleiar Ronja Trolie i Norsk Mottaksdrift

Norsk Mottaksdrift AS informerte ordførar Astrid Aarhus Byrknes om planane sine tysdag 27. oktober. To dagar seinare møtte dei heile formannskapet. Måndag 2. november leverer dei eit anbod til UDI.

Planane til Norsk Mottaksdrift er i korte trekk:

  • Kva? Eit ordinært mottak for einslege, mindreårige flytkningar frå 15 til 18 år.
  • Kvar? Hotell Lune Huler på Vågseidet, nord i Lindås.
  • Kor mange? 40 flyktningar - med opsjon på 10 + 10 nye plassar.
  • Kor lenge? 3-årig drift – med opsjon på 3 nye år.
  • Når? Målet er oppstart før 1. januar 2016.

Etableringa vil gi nye arbeidsplassar til Lindås. Berre driften av mottaket vil krevje ein stad mellom 12 til 15 årsverk.

 

Les meir om planane i lokalavisene våre:

Les tidlegare artiklar på heimesida til kommunen:

 

Web levert av CustomPublish