Vil du bli støttekontakt?

Som støttekontakt får du godtgjerdsle frå kommunen for å hjelpe eit anna menneske som treng støtte til å få ein meir aktiv, meiningsfull og sosial fritid.

Mange treng støttekontakt. Nokon klarar ikkje å kome seg ut på eiga hand, andre treng hjelp til å meistre ulike aktivitetar. Dei som treng støttekontakt er ulike og difor treng me ulike støttekontaktar!

Krav til deg:

  • du bør vere minst 18 år
  • du må kunne leggje fram politiattest
  • du må vere trygg på deg sjølv og like å vera saman med andre
  • du bør vere tolerant og fleksibel, men samstundes evne å sette klare grenser

For å skape trygge rammer kring den du skal hjelpe, er det ein fordel om du bitt deg for minst eitt år.

Trykk her for å lese meir om kva vi krev av deg og kva oppgåver du får som støttekontakt. PDF document ODT document

Slik søker du om å bli støttekontakt

  1. Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet til kommunen PDF document ODT document
  2. I søknaden skriv du litt om deg sjølv. Kva erfaring, utdanning og fritidsinteresser har du? Kva brukarar vil du helst jobbe med? Eksempel på brukargrupper kan vere psykisk utviklingshemma, barn og ungdom, funksjonshemma, eldre, menneske med psykiske lidingar  eller menneske frå andre kulturar.
  3. Lever søknaden og vedlegga på rådhuset i Knarvik eller send dei til:

Lindås kommune, Eining for Funksjonshemma
Kvernhusmyrane 41
5914 Isdalstø

Kva skjer vidare?

  1. Vi prøvar å svare deg innan fire veker.
  2. Vi kallar deg inn til ein ein samtale for å finne ut meir om deg og gi deg meir informasjon om det å vera støttekontakt.
  3. Dersom vi ikkje har nokon ledige oppdrag når du søkjer, legg vi søknaden din til side og finn han fram når vi har behov for nye støttekontaktar. 
Web levert av CustomPublish