NGIR inviterer til storstilt dugnad i strandsonen.

NGIR inviterer til storstilt dugnad i strandsonen. Foto: Silje Andvik Hoaas

Ver med og rydd ei strand!

Dei siste åra har det vore fokus på marin forsøpling og rydding av strender langs norskekysten. For første gong er NGIR med på den nasjonale strandryddeaksjonen. Ver med du også!

Dei siste åra har det vore fokus på marin forsøpling og rydding av strender langs norskekysten. Strandryddedagen vert arrangert for femte gong i år - og for første gong skal NGIR vere med på aksjonen.

Den offisielle strandryddedagen er 9. mai, men aksjonen varar i to-tre veker. Privatpersonar, lag og organisasjonar kan gå saman og rydda ei strand i nærområdet. Kampanjen vert finansiert av inntekter som NGIR har på næringsavfall.

Slik gjer du:
• Meld deg på til NGIR for å få levera avfallet gratis. NGIR deler ut gratis sekkar og utstyr til strandryddinga. Send ein e-post til ngir@ngir.no
• Meld deg på den nasjonale aksjonen til “Hold Norge Rent” slik at avfallet vert registrert. Ta gjerne kontakt med NGIR for meir informasjon.
• Kom innom eller ta kontakt med NGIR for å få sekkar og utstyr til ryddinga.
• Ta gjerne bilder og send til dei til NGIR slik at dei kan publisera det på Facebook-sidene sine.

Vil du vite meir om aksjonen? Les meir på ein artikkel på heimesida til renovasjonsselskapet vårt. Trykk her for å gå rett til artikkelen.

Web levert av CustomPublish