Venteliste til langtidsopphald i institusjon

Venteliste til langtidsopphald på sjukeheim er ei ny ordning frå 1. juli 2017.  

Trykk her for å laste ned og lese Lindås kommune sin forskrift om tildeling av langtidsopphald i sjukeheim.

Kven  kan få plass på venteliste?

Ordninga er for eldre og sjuke som søker om langtidsopphald, og som fyller vilkåra for langtidsplass i sjukeheim, men må vente på at det skal bli  ledig plass. Du som er på venteliste vil få andre helse- og omsorgstenester i heimen medan du ventar på å bli prioritert for ein ledig langtidsplass.

Krav til søkar

Når det ikkje er ledig langtidsplass i sjukeheim kan du som søker om langtidsopphald bli sett på venteliste:

  • Du må ha vedvarande og omfattande behov for behandling eller oppfølging
  • I påvente av at du får langtidsplass på sjukeheim må kommunen kunne gi deg forsvarlege helse- og omsorgstenester i heimen

Trykk her for å lese meir om langtidsopphald i institusjon.

Når kan du få plass på sjukeheim?

Når det blir ledig langtidsopphald vil den som har det største behovet få den ledige langtidsplassen.

Web levert av CustomPublish