Ventar på avgjerd om mottak

UDI må bruke litt lenger tid på avgjerda om mottak for mindreårige på Lune Huler.

Lindås kommune vert løpande orientert om status for ei eventuell etablering på Vågseidet.

Det er UDI som avgjer om Norsk Mottaksdrift AS får etablere eit mottak for mindreårige asylsøkjarar melom 15 og 18 år.

Då ordførar Astrid Aarhus Byrknes var i kontakt med UDI onsdag 25. november, fekk ho til svar at dei treng meir tid til å vurdere alle anboda som kom inn i starten av novemember.

Årsaka er at dei har mange akutte saker å ta seg av, og at det kom inn så mange anbod frå aktørar som ønskjer å opprette mottak ulike plassar i landet.

 

Følg lenkene for å lese meir om saka på heimesida til kommunen:

Web levert av CustomPublish