Velkomne til aktivitetskafe

Demensforeininga og frivilligsentralen i Lindås kommune inviterer til tre aktivitetskafear i september, oktober og november.

Når?

27. september, 25 oktober og 29 november frå klokka 18.00 til 20.00.

Kvar?

På Såtabu i Knarvik

Kva skjer på samlinga?

Her blir det ein god prat, informasjon, lett servering og underhaldning. 

Treffstader blir meir og meir viktig i samfunnet vårt, og treffstadane må vere tilrettelagte for dei som skal vere der. Det viktigaste er å møte andre i same situasjon og ha det kjekt ilag.

Treng du meir informasjon? Ta kontakt.

Kven inviterer?

Frivilligsentralen til Lindås kommune i samarbeid med Ytre Nordhordland demensforening.

Web levert av CustomPublish