Mongstad er ei industriklynge med meir enn 100 bedrifter.

Mongstad er ei industriklynge med meir enn 100 bedrifter.

Velkommen til ope møte mellom næringslivet og BKK

Transport, overnatting, grunn- og betongarbeid? Kva varer og tenester kan du levere når BKK skal bygge kraftleidninga mellom Mongstad og Kollsnes og næringslivet i regionen?

Bygging av kraftleidninga mellom Mongstad og Kollsnes er eitt av dei største industriprosjekta i Bergensregionen. Veit du kva moglegheiter dette kan utgjere for deg og din bedrift?

Næringsavdelinga i Austrheim og Lindås inviterer til eit ope møte mellom næringslivet og BKK - for å gi næringslivet kunnskap om kva varer og tenester BKK treng leverandørar til, når dei skal i gang med det omfattande byggjearbeidet.

Møtet er ope for alle interesserte i alle dei omkringliggande kommunane! Det er inga påmelding til møtet.

Stad: Knarren på Knarvik vgs, Juvikstølen 9
Møtetid: Tysdag 4. mars 1700-1900

For meir informasjon, sjå heile invitasjonen på facebooksida til "Business Region Mongstad" (trykk her) eller kontakt næringsavdelinga i Austrheim og Lindås.

Sjå også prosjektsida til BKK, trykk her.

Næringssjef, Øystein Sørhaug
Mobil: 90981040 - E-post: oystein.sorhaug@lindas.kommune.no

Web levert av CustomPublish