Velkommen til møte om «Å høyre til»

Korleis må vaksne vere for at barn og unge skal ha det godt på skulen, på fritida, i barnevernet og andre stader? Korleis kan vi jobbe for at barn og unge skal kjenne seg trygge?

Vi har invitert Proffane i Forandringsfabrikken til å snakke om det «Å høyre til», og håpar du vil komme også!

Forandringsfabrikken lyttar til barn og unge i barnevern, psykisk helsevern og på skular i heile landet. Erfaringane og råda til forandringsfabrikken bidrar til å gjere systema meir verdige og meir effektive. Barn og unge er proffar på sitt eige liv. Difor er dei med når Forandringsfabrikken er i møte med rådgjevarar i ulike departement, direktorat og på Stortinget.

Invitasjonen går til:

  • Ungdom mellom 12 og 20 år
  • Foreldre
  • Tilsette i kommunen som jobbar med barn og unge
  • Tilsette i private bedrifter som jobbar med barn og unge
  • Eldsjeler i frivillige lag og organisasjonar

Møtet er eit tiltak i kvalitetsplanen for oppvekst, som seier at kommunen skal invitere til to temasamlingar i året. Målet er å etablere ein møteplass for ungdom og dei som jobbar med ungdom i Lindås kommune.

Tid og stad
Onsdag 15. mars 2017 frå klokka 18.00 til 20.00 i Nordhordlandshallen i Knarvik. Hallen blir open til klokka 21.00, slik at dei som ønskjer det kan bli att og fortsetje diskusjonen.

Påmeldingsfrist
Møtet er ope for alle. Du treng ikkje å melde deg på, men det er fint om du melder ifrå at du kjem på hendinga vi har laga på facebook.Trykk her for å gå til facebookhendinga.

Har du spørsmål?
Send ein e-post til anita.s.meland@lindas.kommune.no
eller ring ho på mobil 922 92 946.

Web levert av CustomPublish