Vel møtt til internasjonal kulturkveld!

Vel møtt til internasjonal kulturkveld!

Velkommen til internasjonal kulturkveld!

Frivilligsentralane i Nordhordland inviterer alle interesserte til internasjonal kulturkveld i Nordhordlandshallen torsdag 21. mai klokka 19:00.

Safia Abdi Haase, norsk-somalisk sjukepleiar, vart i haust utnemnt av Kongen til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i programmet «God morgen Norge» på TV2. Med foredraget «Ferdig vandret innvandrer» byr ho på sine erfaringar og refleksjonar om å vera på vandring, enten som ny eller gamal i landet. Ho er kjend for sitt arbeid mot kjønslemlesting.

Chiku Ali; lokalpolitikar, kulturarbeidar og integreringskonsulent i Bergen kommune, vil gle oss med kulturelt innslag i rytmar og tonar. Ho har teke utdanning innan kultur, teater og dans frå National Institute of Art i Tanzania og frå universitetet i Bergen.

Dette er 2 fyrverkeri som berre må opplevast.

Gratis inngang og smaksprøvar av internasjonal mat etter foredraget.

Web levert av CustomPublish