Velkommen til informasjonsmøte om asylmottak

Lindås kommune inviterer til informasjonsmøte i Lindåshallen frå klokka 19.00 til 21.00 torsdag 10. desember. (SAKA ER OPPDATERT)

Brannen natt til søndag stoppar ikkje planane om eit mottak for mindreårige asylsøkjarar på Lune Huler. Lindås kommune blir med andre ord vertskommune for eit mottak for mindreårige asylsøkjarar på nyåret.

Då planane til Norsk Mottaksdrift AS fekk grønt lys frå UDI fredag 4. desember, starta Lindås kommune planlegginga av eit informasjonsmøte. Dette går som planlagt.

– Heilt sidan vi fekk den første telefonen frå Norsk Mottaksdrift har det vore viktig for oss å informere innbyggjarane våre, fortel ordførar Astrid Aarhus Byrknes og legg til:

– Det er ikkje kommunen som skal etablere mottaket, og heller ikkje vi som har godkjent etableringa. Likevel har vi eit informasjonsansvar ovanfor innbyggjarane i kommunen vår! Difor set vi stor pris den opne dialogen vi har hatt både med UDI og Norsk Mottaksdrift.

Følgjande aktørar kjem for å informere og svare på spørsmål:

  • Norsk Mottaksdrift AS, som skal vere driftsoperatør for det nye mottaket
  • UDI, som har lyst ut og tildelt anbodet til Norsk Mottaksdrift AS
  • Politiet, som etterforskar brannen på Lune Huler natt til søndag
  • Lindås kommune, som skal vere vertskommune og levere tenester til dei som flyttar inn i mottaket

Møtet er ope for alle, og vert leia av ordføraren.

Web levert av CustomPublish