Slusene i Lindås.

Slusene i Lindås. Picasa

Velkommen til dei nye heimesidene våre

Det er ei glede å ønske deg velkommen til dei nye heimesidene til Lindås kommune. Sidene er ein møtestad for deg og dei som arbeider i kommunen.

Dei nye nettsidene er organiserte på ein annan måte enn tidlegare. Du vil difor ikkje finne informasjonen du leitar etter på same måte som før. Strevar du med å finne fram? Kikk på oppskrifta under, eller ta direkte kontakt med kommunen.

Heimesida har berre ein aktiv meny - start!

Peikar du på "Start", opnar hovudmenyen seg. Her finn du namn på dei hovudområda heimesidene er organisert etter. Vel eitt av alternativa i hovudmenyen, ved å peike og klikke på punktet i menyen. Då kjem du fram til ei eiga side for det hovudområdet du har vald. Samstundes vert ein ny meny synleg i feltet. Her finn du namn på undersidene til området du har klikka deg inn på. Ønskjer du å lese meir på ei av undersidene, gjer du på same måte: peikar og klikkar på namnet til undersida.

På denne måten klikkar du deg fram til informasjonen du er på jakt etter. Sidene er bygd opp slik at du skal sleppe å klikke meir enn tre eller fire gonger for å finne informasjonen du jaktar på. Vil du lese andre sider, kan du lett flytte deg frå sida du er på ved å bruke menypunkta på den raude lina.

Sidene er framleis under oppbygging. Å byggje nye nettsider er ein tidkrevjande prosess, men vi håpar likevel du finn det du treng av informasjon, planar, søknadsskjema, kontaktinformasjon og anna - og at du likar dei nye nettsidene våre!

Lykke til!

Web levert av CustomPublish