Vårrydding 9. april

9. april inviterer NGIR til vårrydding i Masfjorden og Lindås. Les meir for å sjå kva du kan levere denne dagen!

Vårrydderuta for hushald og hytter i Masfjorden og Lindås kommune er som følgjer:

  • Andvik t.o.m. Andåskrysset, Nesbø-Ostereidet. Andås - Vikanes - Romarheim.

Trykk her for å lese meir om kva du kan levere

Ikkje bland avfallet, men sorter det og tenk på dei som skal ta det att! Legg dei ulike avfallstypane kvar for seg og på fast underlag ved ordinære bosstopp. Set ut avfallet før kl. 07.00. Fjern ting i nærleiken som ikkje er boss, slik at det ikkje er tvil om kva du vil kasta. NB! Kvitevarer må ikkje innehalda boss.

Henterute for farleg avfall 2016

Masfjorden sør/Lindås aust

Onsdag 4. mai

15.00-16.00 
16.30-17.00

Masfjordnes (ferjekaia)
Nordkvingo (v/ brua) 

18.00-18.30 
18.45-19.15

Hølleland, kryss mot Hosøy (Veland)
Rødland v/veteranbilgarasjen


Døme på farleg avfall:

Måling, lim, lakk, olje, sprayboksar, reingjeringsmiddel, syrer, basar, alle typar batteri, plantevernmiddel, lyspærer, lysstoffrøyr, spillolje på tett småemballasje opp til 25 l kanner. NB! All tomemballasje som har innehalde farleg avfall er restavfall. Tomme 200 liters spuns-/spennlokkfat skal leverast som metall på vårrydderute.

Dette kan du ikkje levere:

  • Medisin – skal leverast til apotek
  • Fyrverkeri og pyroteknisk utstyr, sprengstoff og ammunisjon - kontakt politiet
  • Smitteavfall
  • Isolerglas, eternitt, trykkimpregnert trevyrke (Sjå eiga rute her.)

For denne ruta gjeld:

  • Personleg oppmøte.
  • Bruk tett emballasje (helst originalemballasje).
  • Tydeleg merking med opplysningar om innhald.
  • Bland aldri ulike stoff. Levér slantane i kvar si flaske. 

For meir informasjon; sjå www.ngir.no

Følg NGIR på facebook for oppdatert informasjon.  https://www.facebook.com/ngirrenovasjon/

Web levert av CustomPublish