Ein plan om å utvide bustadfeltet Apalen Sør ligg ute til høyring.

Ein plan om å utvide bustadfeltet Apalen Sør ligg ute til høyring. LASSE TUR

Utvidar bustadområde på Apalen

Har du innspel til planen om å utvide det etablerte bustadfeltet på Apalen Sør? Les meir om planen og korleis du kan delta i høyringa her.

Kunngjering 1. gangs offentleg ettersyn av reguleringsplan Apalen Sør, gbnr 202/1 m.fl.

Plan- og miljøutvalet gjorde i møte 14.05.2014, sak 067/14, vedtak om å leggje reguleringsplan for Apalen Sør, gbnr 202/1 m.fl., ut til offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova § 12-11.

Hovudformålet med reguleringsplanen er å regulere eit eksisterande bustadområde med 4 nye frittliggande einebustader og 23 konsentrerte småhus. Det allereie etablerte bustadfeltet er satt saman av 14 einebustader og 3 tomannsbustader. Dei nye bustadene følgjer kommuneplanen sine krav til tomtestørrelse og dei får i så måte godt med privat uteopphaldsareal. Gode leikeareal og felles infrastruktur er også sikra i framlegget. Føresegnene opnar også for at kvar enkelt eining kan ha ein sekundærbustad på inntil 65m2 på eige tomt.

Last ned og les meir om:

Reguleringsplanen ligg ute til offentleg ettersyn frå 16.07.2014 til 03.09.2014 på rådhuset i Lindås kommune.

Planen vert også å finne braPLAN: http://www.geoweb.no/braplan/. Søk på plan-ID: 1263-200809, dokumenter.

Me ber om at merknader til planframlegget sendast innan 03.09.2014 til: Lindås kommune, plan- og miljøutvalet, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø eller på epost til postmottak@lindas.kommune.no.

Web levert av CustomPublish