Utvida frist for innspel til områdeplan for Lonena

Arbeidet med eit stort, nytt bustadområde i Knarvik er i gang. Her kan du laste ned planprogrammet, og sjå korleis du kan kome med innspel.

I medhald av plan- og bygningsloven §12-8 og §7 i forskrift om konsekvensutgreiing, varslar vi igangsetting av områderegulering med tilhøyrande konsekvensutgreiingar, gnr. 185 bnr. 284, Lonena, Lindås kommune.

Framleggsstillar er Lindås kommune og Rygir Tomteutvikling AS. OPUS Bergen AS er utførande konsulent for planlegginga.

Planområdet ligg nord for Knarvik sentrum, er på om lag 413 daa og omfattar i hovudsak gnr. 185 bnr. 284 m. fl med eksisterande stisystem, delar av kringliggande vegsystem, og noko skog. I kommunedelplan for Knarvik – Alversund er området i hovudsak sett av til bustadområde og grønstruktur med friområde. Ein mindre del i sørvest er sett av til område for offentlege bygg.  

Føremålet med planframlegget er å etablere nye bustader med tilhøyrande infrastruktur og grønstruktur. Planarbeidet er vurdert konsekvensutgreiingspliktig i høve til forskrift om konsekvensutgreiingar. Det er utarbeidd eit planprogram for planarbeidet, og dette er no lagt ut til offentleg ettersyn.

Naboar og grunneigarar er direkte varsla.

Last ned planprogrammet

Trykk her for å laste ned og bla i planprogram for Lonena områdeplan.

Slik kan du kome med innspel

Innspel og merknader som har verknad eller interesse for planarbeidet kan du sende til:

OPUS Bergen AS
Strandgaten 59
5004 Bergen

Du kan også sende innspel elektronisk på heimesida til Opus, via fana «Planvarsel».

Merk alle innspel med prosjektnummer P14031.

Frist for innspel og merknader er måndag 16. januar 2017

Web levert av CustomPublish