Leiknes

Leiknes LASSE TUR

Utbyggingsavtale for Leiknes skule

Har du innspel til avtalen? Les her for å finne avtalen som er gjort mellom Lindås kommune og Kålås og Sønn Byggevarehandel AS.

Kommunestyret i Lindås kommune har i møte 24.04.2014, sak 37/14 vedteke å kunngjere utbyggingsavtale for Leiknes skule med omliggjande areal, gnr. 195 Leiknes, del av bnr. 187 mfl. / bustadfeltet Leiknes Vest del av gnr. 195, Leiknes.

Det vert med dette kunngjort at det er framforhandla utbyggingsavtale mellom Lindås kommune og Kålås og Sønn Byggevarehandel AS, i samband med planlagt utbygging på Leiknes. 

Framlegg til utbyggingsavtale er gjort i medhald av plan- og bygningslova sin § 17-4, og skal vera styrande for den vidare feltutbygginga innanfor reguleringsplanen.

Offentlege instansar, samt grunneigarar/naboar som vert råka av tiltaka vil verta særskilt varsla.

Dokumenta ligg til offentleg ettersyn i perioden frå 07.05 – 20.06.2014 rådhuset i Knarvik, samt på kommunen sine heimesider.

 

Trykk her for å lese avtalen PDF document ODT document .

Trykk her for å lese det politiske vedtaket.

 

Merknader til avtalen må sendast Lindås kommune, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø,

eller postmottak@lindas.kommune.no, innan 20.06.14.

Web levert av CustomPublish