Utbyggingsavtale for Eidsnes næringsområde

Lindås kommune har inngått ei utbyggingsavtale med Nordhordland Maritime Næringspark for Eidsnes næringsområde.

Kommunestyret i Lindås kommune har i møte 18.06.2014, sak 80/14 vedteke å kunngjere utbyggingsavtale for Eidsnes næringsområde, gnr. 244, bnr. 27, 36, 41, 46 og del av 4, Eidsnes.

Det vert med dette kunngjort at det er framforhandla utbyggingsavtale mellom Lindås kommune og Nordhordland Maritime næringspark AS, i samband med planlagt utbygging av næringsområdet.

Framlegg til utbyggingsavtale er gjort i medhald av plan- og bygningslova sin § 17-4, og skal vera styrande for den vidare feltutbygginga innanfor reguleringsplanen.

Offentlege instansar, samt grunneigarar/naboar som vert råka av tiltaka vil verta særskilt varsla.

Dokumenta ligg til offentleg ettersyn i perioden frå 25.06 – 01.08.2014 på rådhuset i Knarvik, samt på kommunen sine heimesider.

Sentrale dokument:

Merknader til avtalen må sendast Lindås kommune, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø, eller postmottak@lindas.kommune.no, innan 01.08.14.

Web levert av CustomPublish