Leiarene i dei tre ungdomsråda, Silje Nordal frå Meland, Steffen Vestheim Sævdal frå Radøy og Anette Sæbø frå Lindås er positive og gler seg til å ta fatt på samarbeidet og det vidare arbeidet for barn og unge.

Leiarene i dei tre ungdomsråda, Silje Nordal frå Meland, Steffen Vestheim Sævdal frå Radøy og Anette Sæbø frå Lindås er positive og gler seg til å ta fatt på samarbeidet og det vidare arbeidet for barn og unge.

Ungdomane gjer seg klare for ny storkommune

Ungdomane er opptatt av miljøet til barn og unge når Radøy, Meland og Lindås blir ein storkommune frå 1. januar 2020. Ungdomsråda i dei tre kommunane legg no opp til eit tett og godt samarbeid for å sikre at stemma til dei unge blir høyrt i prosessen fram mot kommunesamanslåinga.

- Det er viktig at ungdomsråda engasjerer seg og er «på hogget» i arbeidet med ny kommune, Me ønskjer å bli tatt på alvor og få vera med i prosessar som omhandlar barn og unge i den enkelte kommune og i arbeidet fram mot ein ny kommune, seier leiarane i dei tre ungdomsråda, Steffen Vestheim Sævdal (16) frå Radøy, Silje Nordal (16) frå Meland, og Anette Sæbø (17) frå Lindås. Dei gler seg til å ta fatt på samarbeidet mellom ungdomsråda og i arbeidet med å løfta fram barn og unge sin situasjon.

Fokus på barne- og ungdomsmiljøet
Leiarane og kontaktpersonane i ungdomsråda i Lindås, Meland og Radøy har hatt sitt første fellesmøte.
- Ungdomsråda ønskjer å etablera ein god relasjon før kommunesamanslåinga. Me snakka om korleis ungdomsråda jobbar og korleis me kan kan samarbeida i framtida. Og me har fokus på kva me synest er viktig for barn og unge både i lokalmiljøet, men også i ein stor kommune. Det er til dømes viktig å ha aktivitetar og tilbod for dei unge i heile storkommunen – tilbod må ikkje sentraliserast til ein stad, seier Steffen Vestheim Sævdal.
​Han synest representantane frå dei tre ungdområda fekk ein god tone og at fellesmøtet vart eit fint utgangspunkt for eit godt samarbeid.

- Dei unge si stemme må bli høyrt
På møtet delte leiarene erfaringar med kvarandre og orienterte om korleis dei ulike ungdomsråda fungerer og kva saker dei arbeider med. På møtet vart det avtalt at det skal setjast saman ei gruppe med dei tre leiarane og to representantar til frå kvart råd. Dei skal samarbeida om saker som omhandlar barn og unge på tvers av kommunene, og få barn og unge sine stemmer høyrt. Leiarene og kontaktpersonane ønskjer også å arrangera ei samling for alle representantane med både fagleg og sosialt innhald.

Web levert av CustomPublish