Kunngjering 1. gangs handsaming av mindre reguleringsendring

Tveiten - Garveritomta, gbnr 138/21 og Tveiten, gbnr 138/11

Hovudføremålet med reguleringsendringa er å leggje til rette for ei meir føremålstenleg parkeringsløysing i prosjektet. Det vert også gjort mindre endringar på eigarforhold knytt til gangvegar og kai i området, sjå planskildring og føresegner.

Plan- og miljøutvalet gjorde i møte 04.12.2013, sak 173/13, vedtak om å leggje mindre endring av reguleringsplan Tveiten – Garveritomta, gbnr 138/21 og Tveiten, gbnr 138/11 ut til offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova § 12-10.

 

Reguleringsplanen ligg til offentleg ettersyn frå 21. desember 2013 til 01.02.2014 på Lindås rådhus. Planen vil også verte å finne på braPLAN. I braPLAN, søk på plan-id 1263-201104, dokumenter.

 

Merknader til planframlegget skal sendast innan 1. februar 2014 til:

Lindås kommune, plan- og miljøutvalet, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø, via elektronisk merknadsskjema eller til postmottak@lindas.kommune.no. Kommunen oppfordrar til å bruke elektronisk merknadsskjema ved innsending av merknader til reguleringsplanen.

 

Planskildring og detaljillustrasjonar (kartlag 1, kartlag 2, kartlag 3 og kartlag4) vert ikkje sendt ut i papirformat frå kommunen, men er å finne her på kommunens heimesider og braPLAN.

Web levert av CustomPublish