Tusen takk for innsatsen!

Årets strandryddeaksjon mobiliserte fleire enn nokon gong før

Plastsøppel på strand og i sjø får verkeleg folk til å stille opp. Dette engasjerer.

Ei god kjensle og samstundes skremmande

Det er godt å sjå kor ærleg og oppriktig engasjementet er når ein ønskjer å gjere noko bra for nærområdet sitt. Folk set av tid, stiller opp med båt, bil og godt humør for å delta i eit fellesskap. Det gir ei god kjensle å vere ein del av flokken. Dette er den grunnleggjande krafta i frivillig engasjement.

Ein punktinnsats, som den årlege strandryddedagen er, kan vise veg til ei haldningsendring og er ein tankevekkjar for oss alle. Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere noko.   

Båtlaga er spydspissen men folket er krafta

Ein stor takk til båtlaga som frakta folk og utstyr rundt i skjærgården. Ein stor takk og til dei mange engasjerte bygdefolka rundt omkring, som på eige initiativ har organisert ryddeaksjon. Saman skal vi alle klare å halde det fint, reint og ryddig der vi bur. Vi må starte med oss sjølve.

Helsing,

Per Ole Ekker, dagleg leiar i Frivilligsentralen
Astrid Aarhus Byrknes, ordførar i Lindås kommune

Web levert av CustomPublish