Velkomen til Lindås

Velkomen som besøkjande til Lindås kommune.  Anten du er her på ferie, besøk eller i forbindelse med jobb har kommunen vår noko å tilby deg.

Lindås kommune er den største kommunen i Nordhordland, og er omkransa av vill og vakker natur- frå storhavet og skjergarden med lune vikar, til fjordar og fjell.

Knarvik er kommunesenteret, og her finn du og dei fleste fasilitetar som handlesenter, offentlege tenester, idrettsanlegg og kulturtilbod.

Eit av verdas beste brassband, Eikanger-Bjørsvik, held til i denne kommunen.

Med fjord og fjell på alle kantar er Lindås eit eldorado for idrett og friluftsliv. I september kvart år kjem 9000 deltakarar til Knarvikmila – eit av Noregs største idrettsarrangement.

Her finn du nokre av dei flotte attraksjonane våre, overnattingsstader og aktivitetar. Du finn og ein del lenkar til andre sider som kan vere interessante for deg som besøkjer kommunen vår.

Velkomen til oss – me ønskjer deg eit triveleg opphald i kommunen vår!

Web levert av CustomPublish