Treningsgruppa «Treningsglede»

Fysisk aktivitet er viktig for å ta vare på og for å betre den psykiske og fysiske helsa. Regelmessig fysisk aktivitet betrar den fysiske forma, og gjer oss meir rusta til å meistre krav og utfordringar i kvardagen. Avdeling psykisk helse og rus tilbyr difor gruppetrening til musikk for personar med psykiske helseutfordringar.

Kva får du?
  • Gruppetrening med instruktør éin time kvar veke der du kan tilpasse intensiteten i treninga etter eigen fysisk form.
  • Trening til musikk, med varierte øvingar for betre kondisjon, styrke og uttøying. Vi avsluttar med 10 minutt avspenning.
  • Trening i eit sosialt fellesskap.
  • Tilbod om felles lunsj ved Ankeret aktivitetssenter etter treninga
Krav til deltakarane
  • Du må vere i målgruppa: personar med psykiske helseutfordringar.
  • Du må kunne komme deg til og frå treningslokala på eiga hand.
Slik søkjer du

Ta kontakt med miljøterapeut Jorun Aalvik på mobil 945 38 084 på måndagar mellom klokka 12.00 og 13.00 eller avdelingsleiar Grethe Korsøen på mobil 474 60 982.

Kva kostar det?

Treningsgruppa «Treningsglede» er gratis.

Lunsj på Ankeret aktivitetssenter kostar for tida 48 kroner inklusiv kaffi.

Kvar er det?

Nordhordlandshallen (i eige treningsrom).

Når er det?

Torsdagar klokka 10.45 – 13.00.

Web levert av CustomPublish