Treng du støttekontakt?

Støttekontakt er eit tilbod til personar i alle aldersgrupper som treng hjelp til å ha ei aktiv og meiningsfull fritid utanfor heimen.

Har du lyst til å bli støttekontakt? Trykk her for å lese korleis du går fram.

Kva får du

Ei individuelt tilpassa støttekontaktteneste, eller støttekontakt organisert i grupper.

Krav til søkjar

Du må ha behov for hjelp til å ivareta ei aktiv og meiningsfull fritid.

Kva kostar det

Det er gratis å ha støttekontakt og du må dekke dine eigne utgifter til aktivitetar som du og støttekontakten er med på ilag. Støttekontakten får dekka sine utgifter innanfor avtalte utgiftsrammer.

Har du følgjebevis, kan støttekontakten din få gratis eller rimelegare inngang mange stader.

Trykk her for å lese meir om følgjekort.

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist for støttekontakt. Vi behandlar alle søknadar etter kvart som dei kjem inn til oss. 

Slik søkjer du

Trykk her for å gå til søknadsskjema for helse- og omsorgstenester.

Slik klagar du

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.

Web levert av CustomPublish