Transportordning for funksjonshemma

TT-kort eller transportordninga for funksjonshemma er eit ikkje lovfesta tilbod til innbyggjarar i Hordaland som på grunn av varig sjukdom eller funksjonshemming ikkje kan nytte det ordinære kollektive rutetilbodet. Ordninga skal ikkje erstatte eit mangelfullt rutetilbod.

Dersom du  på grunn av sjukdom eller funksjonshemming ikkje kan nytte det offentlege rutetilbodet, kan du søkje om å bli godkjent som brukar av transportordninga.

Frå 1. juli 2018 tar fylkeskommunen over all sakshandsaminga. Det vil seie at det ikkje lenger er kommunane som handsamar søknader for sine innbyggjarar. Adressa for innsending av søknad står på søknadsskjemaet.

Slik søkjer du

Søknaden skal innehalde eigenerklæring og legeerklæring som ikkje må vera eldre enn 6 månader.  Søknadar som manglar eigenerklæring eller legeerklæring blir ikkje behandla. Det er ditt ansvar som søkjar at søknaden er tilstrekkeleg dokumentert.

Utfylt eigenerklæring saman med legeerklæring sender du til:
Hordaland fylkeskommune, samferdselsavdelinga, Postboks 7900, 5020 Bergen

Innan 14 dagar etter at du har fått vedtak vil du  få tilsendt eit personleg TT-kort med magnetstripe.

Her kan du laste ned skjema:

Trykk her for å laste ned retningsliner for transportordninga for funksjonshemma i Hordaland.

 

Web levert av CustomPublish