Formannskapet har næringsmøte ein gong i året. Her er eit bilete frå innlegget til Statoil.

Formannskapet har næringsmøte ein gong i året. Her er eit bilete frå innlegget til Statoil.

Tok tempen på næringslivet

Ei rekkje bedrifter fekk ordet, då formannskapet invitererte ei rekkje bedrifter til sitt årlege næringsmøte.

Formannskapet hadde sitt årlege næringsmøte 5. februar 2015. Der fekk inviterte bedrifter kome med innspel og gi medlemmene i formannskapet eit bilete av det som rører på seg i næringslivet i kommunen.

Formannskapet fekk ein god introduksjon av gründertilbodet i «Dampen» i Knarvik, kor Industriutvikling Vest gir oppstartshjelp til gründerar.

Vidare fekk politikarane i formannskapet høyre om mannen bak Hackit, Vegard Ertvaag, og hans kjøttdeighakkar som sel i bøtter og spann. Om kort tid kjem han også med nye produkt til kjøkenet. Det vert spennande å følgja Vegard!

Norwegian Weather Protection på Seim fortalte engasjert om verksemda si, ei verksemd med stor breidde i produktspekter, og som står godt rusta for framtida.

Statoil fortalde om bakgrunnen for endringa i seilingsmønsteret og korleis dei no har gått fram med nye basekontraktar langs heile kysten. Mongstad kjem svært godt ut av dette, og sjølv om det vert endringar i baseoperatør på Mongstad, skal volum auka betydelig på Mongstad. Det vert nye bedriftsetablingar på Mongstad i tida som kjem, og skapt enno fleire arbeidsplassar.

Den nye baseoperatøren på Mongstad, CCB, hadde også eit engasjert innlegg. Kurt Andreassen delte historia om korleis dei har bygd opp eit industrielt cluster på Ågotnes, og litt om kva moglegheiter han ser på Mongstad. Her er det eit stort potensial for vidare vekst!

Har di verksemd behov for næringspolitisk kontakt? Vil du treffe næringssjefen for å sjå kva han hjelpe deg med?

Formannskapet har næringsmøte ein gong i året. Brenn du inne med tankar du har behov for å nå fram til formannskapet med?

 

Ta kontakt med:
Øystein Sørhaug, næringssjef/samfunnsutviklar
E-post: oystein.sorhaug@lindas.kommune.no
Mobil: 90981040

 

Web levert av CustomPublish