Kommunedelplan for skule ligg på høyring til 18. april.

Kommunedelplan for skule ligg på høyring til 18. april.

To folkemøter om skule

«Kommunedelplan for skule» er på høyring til 18. april. I høyringsperioden skal det vere folkemøte i to av dei tre skulekrinsane.

Levekårsutvalet i Lindås kommune har nyleg sendt «Kommunedelplan for skule 2014 – 2018» ut på høyring. Høyringa opnar for innspel til og med laurdag 18. april.

Trykk her for å lese dokumenta, og sjå korleis du kan kome med innspel til planen.

Kommunedelplanen kjem etter at politikarane har gitt administrasjonen i oppgåve å sjå om skulestruktur kan vere eit bidrag til det store omstilling- og utviklingsprosjektet «Lindås 2019».

Målet med planen er tredelt:

  1. Ein berekraftig kommuneøkonomi

  2. Eit likeverdig skuletilbod for alle elevane i kommunen

  3. Ein stabil skulestruktur over tid

Planen legg opp til endring i to skulekrinsar: Ostereidet ungdomsskulekrins og Lindås ungdomsskulekrins. Difor inviterer kommunen til folkemøte i nettopp desse krinsane.

– Møta er opne for alle! Eg håper informasjonen folk får her, senkar terskelen for å kome med innspel til planen. Det vert også mogleg å stille spørsmål, seier kommunalsjef for oppvekst, Kristin Moe.

Folkemøta er planlagt 16. og 17 mars:

  1. Folkemøte for Ostereidet ungdomsskulekrins: 16. mars 2015 på Ostereidet ungdomsskule klokka 18:00 til 20:00

  2. Folkemøte for Lindås ungdomsskulekrins: 17. mars 2015 på Lindås barneskule klokka 18:00 til 20:00

Politikarane skal ta endeleg stilling til kommunedelplanen for skule i kommunestyremøtet 18. juni.

Web levert av CustomPublish