Tidleg inn

«Tidleg inn» er eit tilbod til alle gravide og foreldre med barn frå 0-6 år og er ein del av satsinga vår på førebyggande arbeid.

Jordmødre og helsesøstre på helsestasjonane våre inviterer til samtale om viktige tema for deg og barnet ditt. Med programmet «Tidleg inn» ønskjer vi å førebyggje og gi hjelp til å handtere psykisk helse, rus og vald i nære relasjonar.

Kven får dette tilbodet?

Alle gravide som tar kontakt med helsestasjonen får dette tilbodet. Tilbodet er frivillig.

Kva får du?

Når du er gravid:

Temaa inngår som ein del av den ordinære konsultasjonen.

Når?

Tid?

For kven?

Veke 12-16

1,5 time

Begge foreldra eller mor åleine

Veke 24

1 time

Berre for mor

Etter at du har født:

Når?

Tid?

For kven?

6-vekers kontroll

20 minutt

Den psykiske helsa til mor.

Korleis har du det?

Dersom du treng ekstra hjelp og oppfølging, blir vi einige om eit løp som passar for deg og dine behov. Du kan både få tilbod om fleire samtalar med oss og andre fagpersonar i kommunen, til dømes kommunepsykologen vår.

Jordmødre og helsøstre har alltid teieplikt. I nokre tilfelle kan vi likevel ha behov for å drøfte situasjonen din med fagpersonar som ikkje jobbar på helsestasjonen. Vi gjer berre dette i samråd med deg og dersom du gir oss lov til det.

Trykk her for å lese meir om samtykke til tverrfagleg samarbeid.

Ønskjer du tidleg oppfølging?

Har du behov for å snakke med oss før den første samtalen i veke 12-16? Ikkje ver redd for å ta kontakt. Vi set gjerne opp tid til ein tidleg samtale, om du ønskjer det.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Web levert av CustomPublish