Skilnaden på terrasse/platting, veranda og balkong.

Skilnaden på terrasse/platting, veranda og balkong.

Terrasse, platting, veranda eller balkong

Terrasse/platting er ein konstruksjon for uteareal over bakkenivå, ofte med trapp til terrenget.

Veranda er ein open bygningsdel, understøtta og eventuelt med tak over. Verandaen kan også vere lukka, til dømes som ein glassveranda.

Balkong er ein open bygningsdel, som stikk ut frå fasaden og er plassert framfor ei dør med vindauga. Balkongen har rekkverk og er ikkje understøtta.

Kva du kan byggje, kjem an på kva reglar som gjeld for eigedomen din.

Lurar du på kva plan som gjeld for eigedomen din, kan du:

  • Ta kontakt med oss.
  • Leite fram planen sjølv på http://www.geoweb.no/braplan/. Før du søkjer må du velje Lindås kommune i fana «Velg eierkommune». Du må du vite namnet på planen som gjeld for eigedomen din, for å få treff.

Du treng ikkje søkje dersom:

  • Terrassen/plattingen er lågare enn 0,5 meter over ferdig planert terreng. Slike terrassar og plattingar er ikkje omfatta av avstandskravet til nabogrensa. Du kan difor plassere dei nærare enn 4 meter frå nabogrensa.
  • Verandaen er inntil 15 kvadratmeter, uten rom for varig opphald og er minst 4 meter frå nabogrensa.
  • Tiltaket ikkje blir plassert i strid med regulert byggegrense, eller byggegrense mot offentleg veg. Trykk her for å lese meir om byggegrense (lenke kjem).

Du kan søkje på eiga hand dersom:

  • Terrassen/plattingen er under 50 kvadratmeter
  • Verandaen er mellom 15-50 kvadratmeter og du skal føre han opp ved ein einebustad, tomannsbustad eller eit mindre rekkehus.

Du må søke med hjelp frå fagfolk dersom:

  • Terrassen/plattingen er over 50 kvadratmeter.
  • Du skal byggje eller rive ein takterrasse.
  • Du skal byggje eller rive ein balkong.

Trykk her for å lese meir om å søkje med hjelp frå fagfolk.

Slik søkjer du

  1. Vi brukar Direktoratet for byggkvalitet (Dibk) sine skjema. Trykk her for å gå til skjemasida til Dibk.
  2. Skal du søke sjølv? Bruk blankett 5153
  3. Skal fagfolk søke for deg? Bruk blankett 5174 og 5175
  4. Skriv ut skjema og fyll det ut for hand eller last det ned til maskina di, fyll ut og lagre. Før du sender søknaden, pass på at du har lagt ved alt i lista under.
  5. Skjemaet sender du på e-post til postmottak@lindas.kommune.no eller med posten til Lindås kommune, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø.

Søknaden må innehalde:

  • Opplysningar om kven som er nabovarsla og kva opplysningar du har gitt i nabovarselet. Bruk blankett 5155 og 5156 på sidene til Dibk.
  • Merknader frå nabo(ar) og eventuelt dine kommentarar til merknaden.
  • Situasjonsplan som viser det du skal byggje må:
    • vere målsett
    • vise kva du skal bygge
    • vise avstand til nabogrense
    • vise avstand til vegmidte for offentleg veg (der det gjer seg gjeldande)
    • vise forholdet til byggegrense der det går fram av reguleringsplan (der det gjer seg gjeldande)
    • vise avstand til sjø/byggegrense mot sjø (der det gjer seg gjeldande)
  • Teikningar i målestokk som viser kva du skal byggje. Det må gå klart fram av teikningane kva det er du skal byggje:
    • Vera målsett
    • Fasadeteikningar der du viser vterrenglinjer for nytt og eksisterande terreng
    • Planteikningar (innvendig i bygningen av alle plan)
    • Snitt med gesims- og mønehøgde
  • Grunngjeven søknad om dispensasjon om tiltaket krev det
  • Uttale/vedtak frå andre mynde.
  • Vurder det du skal bygge opp mot gjeldande plankart og føresegner som gjeld for eigedomen din. 

Når fagfolk skal søke, må søknaden i tillegg innehalde:

  • Gjennomføringsplan. Bruk blankett 5185.
  • Erklæring om ansvar. Bruk blankett 5181.

Les meir

Trykk på lenkene for å lese aktuelle informasjonsbrosjyrer på Dibk sine sider:

Kva seier lova?

Kva kostar det?

Prisen for å søkje om å byggje terrasse/platting, veranda eller balkong er 7.000 kroner.

Har du søkt om dispensasjon, kjem det dispensasjonsgebyr på 9.650 kroner per dispensasjon i tillegg. Gebyr for godkjenning av ansvarsrett på 3.150 kroner kjem i tillegg, dersom du har søkt om det.

Gebyret er det same for avslått sak.

Slik klagar du

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak.

Treng du rettleiing i byggjesaksspørsmål?

Send ein e-post med spørsmålet ditt til byggesak@lindas.kommune.no. Vi svarar på e-posten din innan 10 dagar.

Du kan også ta kontakt med kundesenteret på rådhuset tysdag og torsdag i tidsrommet 09.00 – 11.30 og 12.00- 15.00, anten ved oppmøte eller på telefon 56 37 51 00.

Trykk her for å lese meir om kva vi kan hjelpe deg med på kundesenteret.

Web levert av CustomPublish