Temakafe for kreftpasientar og pårørande

Temakafeen er til for kreftramma, pårørande og etterlatne. Vi tar opp kreftrelaterte tema og byr på ulike kulturelle innslag. Kafeen blir driveav Kreftforeningen sine frivillige. Vi krev ingen påmelding.

Kva får du?
  • Ein kopp kaffi og ein matbit.
  • Hyggjeleg samtale med andre som har erfaringar med kreft.
  • Innslag/foredrag med aktuelle tema. 
Krav til deltakarane

Temakafeen er til for kreftramma, pårørande og etterlatne.

Kva kostar det?

Temakafeen er gratis.

Kvar er det?

Seniorsenteret i Knarvik (Knarvik sjukeheim)

Kvernhushaugane 7, 5914 Isdalstø

Når er det?

Program hausten 2018

  • 5. september kl. 17.00 – 19.00: Når kreft rammar. Kreftkoordinator Anne-Britt Hauge fortel. Bandabutikken på Lindås kjem også og gir praktiske råd og tips.
  • 3. oktober kl. 17.00 – 19.00: Tosomheita når ein får kreft. Hans og Mona Fevang delar sine erfaringer.
  • 7. november kl. 17.00 – 19.00: Ta vare på føtene. Fotterapeut Ragnhild Heitmann fortel.
  • 5. desember kl. 17.00 – 19.00: Adventssamling med sang og musikk.

Sjå også Temakafe Nordhordland sin side på Facebook.

Tilbod frå Kreftforeningen finn du også på heimesida til Kreftforeningen.

Kontaktperson

Susanne Lier Fagerbakke

Web levert av CustomPublish