Temakafe for kreftpasientar og pårørande

Den første torsdagen kvar månad inviterer Kreftforeninga til temakafe på Knarvik seniorsenter.

Temakafeen er eit sosialt treff for kreftramma, pårørande og etterlatte. Her får du tips og innspel om ulike tema knytt til kreft og det å leve med kreft, i tillegg til ulike kulturelle innslag. Kom innom for ein kaffi, matbit og ein hyggeleg samtale med nokon som er eller har vore gjennom noko av det same som deg.

Kafeen vert drifta av Kreftforeininga sine frivillige medarbeidarar, som skapar eit triveleg miljø og står for enkel servering.

Det er inga krav til påmelding, og tilbodet er gratis. Datoar for alle temakafeane fram til sommaren, er lagt ut i kulturkalenderen til kommunen. Følg med her, for å sjå kva tema som er sett opp på dei ulike dagane. Trykk her for å gå rett til kulturkalenderen.

Pasientar er også velkomne til å delta på trening med ein fysioterapeut frå Lindås kommune kl 14.00 til 15.00 på Knarvik seniorsenter. Meld deg på til jorunn.skaar@lindas.kommune.no

Web levert av CustomPublish