Sykling

Fysisk aktivitet kan førebyggje sjukdomar og at ein kan vere sjølvhjelpen lengst mogleg. Muskelstyrken vert gradvis redusert med alderen, men det skal ikkje så mykje fysisk aktivitet til for å oppretthalde eit bra funksjonsnivå.

Dette er eit lågterskel tilbod og alle gjer det ein klarer. Vi har éin sykkel frå Motitech for rullestolbrukarar. Du kan sitje i rullestolen din og sykle med armar og bein. Andre syklar på ergometersykkel.

Vi har film frå vegar her i distriktet, frå andre stadar i Norge og frå fleire andre land som vi viser på storskjerm. Her kan du få oppleve mange flotte stader frå sykkelsetet.

Kva får du?
  • Sykkeltrening inntil 3 gonger for veka i flott natur.
  • Trening i eit sosialt fellesskap.
Krav til deltakarane
  • Du må vere fylt 55 år.
  • Du må kunne komme deg til og frå seniorsenteret på eiga hand.
Slik søkjer du

Det er ingen søknad til sykling.

Kva kostar det?

Sykling er gratis.

Kvar er det?

Seniorsenteret i Knarvik (Knarvik sjukeheim).

Når er det?

Kvar måndag, onsdag og fredag kl. 11.00.

Trykk her for å sjå heile programmet til seniorsenteret.

Web levert av CustomPublish