Stort fleirtal for ny kommune i Lindås

To av tre innbyggjarar i Lindås kommune seier ja til ein ny kommune.

Dette visar ei innbyggjarundersøking Opinion har gjennomført for kommunane Lindås, Radøy og Fjell. Politikarane i kommunestyret har bestilt undersøkinga, for å høyre kva folket meiner før dei skal ta endeleg avgjerd om framtida til Lindås.

– Det store fleirtalet gir eit tydeleg råd til politikarane i kommunen vår. Innbyggjarane i Lindås ser moglegheiter i ei framtidig, regional samfunnsbygging, seier fungerande ordførar Nina Bognøy.

Kva seier innbyggjarane?

I Lindås kommune har 820 innbyggjarar svart på spørsmåla i undersøkinga. Av desse er to tredjedelar positive til at Lindås skal slå seg saman med andre kommunar i regionen.

Trykk her for å lese heile rapporten frå innbyggjarundersøkinga

Dette er råda politikarane får med seg på vegen fram mot ei endeleg avgjerd:

  • Eit stort fleirtal seier ja til ny kommune
    • 69 % seier ja
    • 26 % seier nei
    • 4 % veit ikkje
  • Fleire menn enn kvinner seier ja
    • 71 % menn seier ja
    • 68 % kvinner seier ja
  • Dei eldste er meir positiv enn dei yngre
    • 64 % seier ja i aldersgruppa 16-29 år
    • 68 % seier ja i aldersgruppa 30-44 år
    • 73 % seier ja i aldersgruppa 45-59 år
    • 72 % seier ja i aldergruppa 60 år +

Kva skjer no?

Måndag 23. mai skal alle kommunane i regionen ha fått ei tilbakemelding frå innbyggjarane sine – anten etter ei opinionsundersøking eller folkerøysting. Resultata vert tema når forhandlingsutvala i alle Nordhordlands-kommunane samlast til ein diskusjon om vegen vidare tysdag 24. mai.

22. juni skal kommunestyret i Lindås ta endeleg stilling til spørsmålet om kommunesamanslåing. 

Web levert av CustomPublish