Store arrangement i Lindås og Nordhordland

Havsportveka: Årleg festival med alle former for havsport og ulike kulturarrangement. www.havsportveka.no

Knarvikmila: Årleg løpsfest i september med mellom anna den tradisjonsrike Knarvikmila, halvmaraton og naturløype, messe, fagseminar og kulturarrangement. www.knarvikmila.no

Kraftspela: Årleg kulturfestival med lokale kulturkrefter og kjende namn utanfrå, i Masfjorden kommune. www.masfjorden.kommune.no

Kystsogevekene: Storslått markering av kystkulturen med arrangement over fleire veker i 22 kommunar i Bergensområdet. For fullstendig program, sjå www.kystsogevekene.no

Utkantfestivalen: Musikk og kulturfestival som går siste helga i juli kvart år, i vakre Skjerjehamn i Gulen.  www.utkant.com

Utvandrarfestivalen: Kulturfestival som også omfattar fagseminar om norsk utvandring på Vestnorsk Utvandringssenter på Sletta i Radøy. Arrangert kvart år rundt den amerikanske nasjonaldagen 4. juli.  www.muho.no

Verdas lengste sjømatbord (Lindås): Arrangement over ei helg kor verdas lengste sjømatbord vert dekka i vegen på Nedre Lindås laurdagen. Stor variasjon av opplevingar, underhaldning og aktivitetar heile helga. Godt tilrettelagd både for sjø- og vegfarande. Sjå heimesida for meir informasjon www.sjomatbordet.no

Web levert av CustomPublish