Stor - livreddande - gåve til brannvesenet vårt!

Gjesidige markerer sitt eige 200-årsjubileum med å gi 350 millionar kroner til å styrke den norske brannberedskapen. Lindås og Meland brann og redning har fått fire utstyrspakker i gåve frå Gjensidigestiftelsen.

Gjennom «Det store brannløftet» finansierer Gjensidigestiftelsen konkrete prosjekt innan kompetanseheving, førebygging, forsking og utvikling, i tillegg til tildeling av materiell.

 

Lindås og Meland har fått to pakker med røykdykkar bekledning og to grunnpakker med overflateutstyr. Kvar røykdykkarpakke inneheld tre komplette sett med røykdykkarbekledning (jakke, bukse, hette og hanskar). Grunnpakka med overflateutstyr inneheld utstyr til redning på sjø/vatn/is. Det er utarbeidd ei standardpakke som inneheld tørrdrakter med tilbehøyr, flytevestar, hjelmar, kasteliner, flyteline, redningsstang, diverse lys, is broddar, is piggar, knivar og redningsbrett. I tillegg følgjer det med kurs og opplæring i overflateredning.

Dette er dyrt utstyr, og Lindås og Meland brann og redning er glade og takksame for gåva. Vi skal sørgja for at kompetansen og utstyret kjem innbyggjarane i regionen til nytte.

Web levert av CustomPublish