Støttemur, terrengendring og drenering

Terrengendringar kan vere fyllingar av masse, planering, graving, masseuttak, steinbrot eller sprenging av terrenget.

Støttemur er ein konstruksjon som blir sett opp i samband med sikring eller opparbeiding av terreng. Muren kan vere av ulike typar material, til dømes stein, metall eller tre, og blir ofte brukt til å forbetre uteareal på ein eigedom.

Kva du kan byggje, kjem an på kva reglar som gjeld for eigedomen din.

Lurar du på kva plan som gjeld for eigedomen din, kan du:

  • Ta kontakt med oss.
  • Leite fram planen sjølv på http://www.geoweb.no/braplan/. Før du søkjer må du velje Lindås kommune i fana «Velg eierkommune». Du må du vite namnet på planen som gjeld for eigedomen din, for å få treff.

Har du mistanke om forureining i grunnen der du skal gjere inngrepet ditt, må du først undersøke grunnen.

Trykk her for å lese meir om forureina grunn (lenke kjem).

Du treng ikkje å søke dersom:

  • Du skal setje opp ein mindre støttemur med høgde på inntil 1 meter med ein avstand på minst 1 meter til nabogrensa
  • Du skal setje opp ein mindre støttemur med høgde inntil 1,5 meter med ein avstand på minst 4 meter til nabogrensa
  • Mindre fylling eller planering av terreng med ein avstand på minst 1 meter til nabogrensa. Frå det opprinnelege terrengnivået kan avviket vere:
    • Inntil 3,0 meter avvik i strøk med spreitt utbygging
    • Inntil 1,5 meter avvik i tettbygde strøk
    • Inntil 0,5 meter i område med rekkje- eller kjedehus, tett eller annan tett busetnad
  • Tiltaket har med tilstrekkelig avstand fra offentlig veg. Trykk her for å lese meir om byggjegrense frå offentleg veg (lenke kjem)
  •  Ikkje kjem i konflikt med byggegrense i reguleringsplanen der eigedommen er regulert
  • Ikkje kjem nærare offentlege leidningar enn 4 meter. Trykk her for å lese meir om avstand til kommunale eigedomar (lenke kjem)

Du kan søke på eiga hand dersom

Du skal føre opp ein mur som går ut over dei punkta som står over, og som etter vårt skjønn kjem inn under plan- og bygningslova  §20-4 d «andre mindre tiltak som etter kommunens skjønn kan forestås av tiltakshavar».

Vi har ikkje eigne retningslinjer for dette i Lindås kommune.

Du må søke med hjelp frå fagfolk dersom:

  • Terrengendringa eller støttemuren fører til endringar som er større enn dei som er nemnt i punkta over og er plassert nærare nabogrensa enn det som ligg innanfor unntaket for søknad.
  • Vesentlege inngrep og endringar i terrenget fører til større endringar en dei som er nemnt i punkta over.

Trykk her for å lese meir om å søkje med hjelp frå fagfolk.

Slik søkjer du

  1. Vi brukar Direktoratet for byggkvalitet (Dibk) sine skjema. Trykk her for å gå til skjemasida til Dibk.
  2. Skal du søke sjølv? Bruk blankett 5153
  3. Skal fagfolk søke for deg? Bruk blankett 5174 og 5175
  4. Skriv ut skjema og fyll det ut for hand eller last det ned til maskina di, fyll ut og lagre. Før du sender søknaden, pass på at du har lagt ved alt i lista under.
  5. Når du er ferdig med arbeidet må du søkje om ferdigattest.
  6. Skjemaet sender du på e-post til postmottak@lindas.kommune.no eller med posten til Lindås kommune, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø.

Søknaden må innehalde:

  • Opplysningar om kven som er nabovarsla og kva opplysningar du har gitt i nabovarselet. Bruk blankett 5155 og 5156 på sidene til Dibk.
  • Merknader frå nabo(ar) og eventuelt dine kommentarar til merknaden.
  • Situasjonsplan som viser det du skal byggje må:
    • vere målsett
    • vise kva du skal bygge
    • vise avstand til nabogrense
    • vise avstand til vegmidte for offentleg veg (der det gjer seg gjeldande)
    • vise forholdet til byggegrense der det går fram av reguleringsplan (der det gjer seg gjeldande)
    • vise avstand til sjø/byggegrense mot sjø (der det gjer seg gjeldande)
  • Teikningar i målestokk som viser kva du skal byggje. Det må gå klart fram av teikningane kva det er du skal byggje:
    • Fasadeteikningar der du viser terrenglinjer for nytt og eksisterande terreng
    • Planteikningar (innvendig i bygningen av alle plan)
    • Snitt med gesims- og mønehøgde
  • Grunngjeven søknad om dispensasjon om tiltaket krev det
  • Uttale/vedtak frå andre mynde.
  • Vurder det du skal byggje opp mot gjeldande plankart og føresegner som gjeld for eigedomen din.

Når fagfolk skal søke, må søknaden i tillegg innehalde:

  • Gjennomføringsplan. Bruk blankett 5185.
  • Erklæring om ansvar. Bruk blankett 5181.

Les meir

Trykk på lenkene for å lese aktuelle informasjonsbrosjyrer på Dibk sine sider:

Kva seier lova?

Kva kostar det?

Prisen for å søkje om støttemur er frå 4.050 kroner.

Har du søkt om dispensasjon, kjem det dispensasjonsgebyr på 9.650 kroner per dispensasjon i tillegg.

Gebyret er det same for avslått sak.

Slik klagar du

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak.

Treng du rettleiing i byggjesaksspørsmål?

Send ein e-post med spørsmålet ditt til byggesak@lindas.kommune.no. Vi svarar på e-posten din innan 10 dagar.

Du kan også ta kontakt med kundesenteret på rådhuset tysdag og torsdag i tidsrommet 09.00 – 11.30 og 12.00- 15.00, anten ved oppmøte eller på telefon 56 37 51 00.

Trykk her for å lese meir om kva vi kan hjelpe deg med på kundesenteret.

Web levert av CustomPublish