Stenger Molvikvegen 2. desember

Ei rasfarleg steinblokk gjer at kommunen må stenge Molvikvegen mellom klokka 09.00 og 18.00 denne dagen.

Vi må stenge Molvikvegen ved Skårabogen fredag 2. desember mellom klokka 09.00 og 18.00. Stenginga blir skilta på Moldvikvegen frå måndag same veke.

Det er ein stor rasfargleg blokk, som gjer at vi må stenge vegen. Vi skal sprenge blokken ned frå fjellet, sikre vegen og rydde opp etter spreninga. Entreprenøren vår opnar vegen så snart han er ferdig.

Stenginga er veravhengig, og kan bli utsett dersom det er dårleg ver. Bur du i området, blir du varsla om ei eventuell utsetting!

Vi beklagar dersom dette skapar utfordringar for deg, men håpar på forståing og ber folk om å respektere stenginga.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med vegavdelinga på e-post teknisk@lindas.kommune.no

Web levert av CustomPublish