Kommunen stenger Hundvin bru to helger i februar.

Kommunen stenger Hundvin bru to helger i februar. Lasse Tur

Stenger Hundvin bru to helger

Kommunen ber innbyggjarar i området, om å melde ifrå dersom det skjer aktivitetar i bygda - som gjer at stenginga må flyttast.

Informasjon til innbyggjarar i områda Hundvin, Kvalvåg, Ones og Kvalvågneset:

Lindås kommune, teknisk drift, skal starte opp arbeidet med rehabilitering av Hundvin bru i løpet av februar 2015.

For å kome i mål med utbetringa, er det heilt nødvendig å stenge brua i to periodar. Førebels planlegg kommunen å stenge brua følgjande helger: I veke 7 og veke 12. Det betyr at brua vert stengt:

  • Frå fredag 13/2 klokka 18.00 til måndag 16/2 klokka 05.00
  • Frå fredag 20/3 klokka 18.00 til måndag 23/3 klokka 05.00.

I desse periodane vert det ikkje mogleg for noko kjøretøy, eller fotgjengarar, å krysse brua.

Vi ber difor bebuarar om å planlegge aktivitetane sine i desse tidsromma, slik at ein ikkje er avhengig av å krysse brua. Kommunen varslar Nobina, Nhtaxi, Lindås kyrkjekontor og NGIR om stenginga.

Dersom de i dag veit om spesielle aktivitetar som skjer i bygda i desse helgene, meld ifrå snarast slik at vi kan prøve å tilpasse oss dette. Vert stenginga ei stor utfordring for deg og din familie, ei utfordring som du ikkje finn ei løysing på? Ta kontakt med kommunen, så kan vi forsøke å finne ei løysing i lag. Varsel når stenginga nærmar seg kjem på SMS/talemelding, heimesida til kommunen/facebook og ved skilt på plassen.

Når det gjeld naudsituasjonar, vert det omkøyringsveg for utrykkingskøyretøy i dei stengte periodane. Private kjøretøy kan ikkje nytta denne omkjøringsvegen.

Magne Hope AS er totalentreprenør for prosjektet. Brua vil få ny bærande konstruksjon over den gamle, slik at gammal bru vert liggjande synleg under den nye brua. Etter rehabiliteringa vil brua få 5 meters bredde inkludert nytt godkjent rekkverk.

 

For spørsmål ta kontakt med Berit eller Kjetil på teknisk drift i Lindås kommune:

 

                                                                             

 

 

 

Informasjon til innbyggjarar i områda Hundvin, Kvalvåg, Ones og Kvalvågneset:

Lindås kommune, teknisk drift,  skal starte opp arbeidet med rehabilitering av Hundvin bru i løpet av februar 2015.

For å kome i mål med utbetringa, er det heilt nødvendig å stenge brua i to periodar. Førebels planlegg kommunen å stenge brua følgjande helger: I veke 7 og veke 12. Det betyr at brua vert stengt:

Frå fredag 13/2 klokka 18.00 til måndag 16/2 klokka 05.00

Frå fredag 20/3 klokka 18.00 til måndag 23/3 klokka 05.00.

I dette tidsrommet vert det ikkje mogleg for noko kjøretøy, eller fotgjengarar, å krysse brua.

Vi ber difor bebuarar om å planlegge aktivitetane sine i desse tidsromma, slik at ein ikkje er avhengig av å krysse brua. Kommunen varslar Nobina, Nhtaxi, Lindås kyrkjekontor og NGIR om stenginga.

Dersom de i dag veit om spesielle aktivitetar som skjer i bygda i desse helgene, meld ifrå snarast slik at vi kan prøve å tilpasse oss dette. Varsel når stenginga nærmar seg kjem på SMS/talemelding, heimesida til kommunen/facebook og ved skilt på plassen.

Når det gjeld naudsituasjonar, vert det omkøyringsveg for utrykkingskøyretøy i dei stengte periodane. Private kjøretøy kan ikkje nytta denne omkjøringsvegen.

Magne Hope AS er totalentreprenør for prosjektet. Brua vil få ny bærande konstruksjon over den gamle, slik at gammal bru vert liggjande synleg under den nye brua. Etter rehabiliteringa vil brua få 5 meters bredde inkludert nytt godkjent rekkverk.

 

For spørsmål ta kontakt med Berit eller Kjetil på teknisk drift i Lindås kommune:

Berit Bruvoll på tlf 56375140 eller e-post berit-karin.bruvoll@lindas.kommune.no

Kjetil Eikefet på tlf 47635709 eller e-post kjetil.eikefet@lindas.kommune.no

Web levert av CustomPublish