Kommunen stenger Hundvin bru to helger i februar.

Kommunen stenger Hundvin bru to helger i februar. Lasse Tur

Stenger Hundvin bru i helga

Brua er stengt frå fredag 13/2 klokka 18.00 til måndag 16/2 klokka 05.00. Kontakttelefonar denne helga er: 97126099 og 47635709.

Informasjon til innbyggjarar i områda Hundvin, Kvalvåg, Ones og Kvalvågneset:

Lindås kommune, teknisk drift, skal starte opp arbeidet med rehabilitering av Hundvin bru i løpet av februar 2015.

For å kome i mål med utbetringa, er det heilt nødvendig å stenge brua i to periodar. Førebels planlegg kommunen å stenge brua følgjande helger: I veke 7 og veke 12. Det betyr at brua vert stengt:

  • Frå fredag 13/2 klokka 18.00 til måndag 16/2 klokka 05.00
  • Frå fredag 20/3 klokka 18.00 til måndag 23/3 klokka 05.00.

I desse periodane vert det ikkje mogleg for noko kjøretøy, eller fotgjengarar, å krysse brua.

Vi ber difor bebuarar om å planlegge aktivitetane sine i desse tidsromma, slik at ein ikkje er avhengig av å krysse brua. Kommunen varslar Nobina, Nhtaxi, Lindås kyrkjekontor og NGIR om stenginga.

Når det gjeld naudsituasjonar, vert det omkøyringsveg for utrykkingskøyretøy i dei stengte periodane. Private kjøretøy kan ikkje nytta denne omkjøringsvegen.

Magne Hope AS er totalentreprenør for prosjektet. Brua vil få ny bærande konstruksjon over den gamle, slik at gammal bru vert liggjande synleg under den nye brua. Etter rehabiliteringa vil brua få 5 meters bredde inkludert nytt godkjent rekkverk.

 

For spørsmål ta kontakt med Berit eller Kjetil på teknisk drift i Lindås kommune:

Web levert av CustomPublish