Statsminister Erna Solberg helsar på bebuarar ved Knarvik sjukeheim før middagen.

Statsminister Erna Solberg helsar på bebuarar ved Knarvik sjukeheim før middagen.

Statsministerbesøk på sjukeheimen

Statsminister Erna Solberg meiner arbeidet som er lagt ned kring kosthald og ernæring blant dei eldre i Lindås er eit eksempel for andre kommunar.

Tysdag vitja ho Knarvik sjukeheim der ho fekk vite meir om korleis dei tilsette har arbeida med mat og ernæring i Lindås kommune. Her får bebuarane eta middag på ettermiddag, og dei får stort sett «heimelaga» mat. Det vil seie mat som er laga frå grunnen av på sjukeheimskjøkkenet. Dei positive ringverknadane er mange, skal ein tru dei som arbeidar på sjukeheimane, og statsministeren fekk nyta eit måltid saman med bebuarar og kjøkkensjef for å få innblikk i måltidssituasjonen på sjukeheimen.

Betre søvn og vektoppgang

Då kjøkkensjef  Hans Stapnes Johnsen byrja i jobben på Knarvik Sjukeheim i 2015 hadde han ikkje jobba med institusjonsmat før. Han starta difor med å samla informasjon om matvanane til bebuarane som skulle eta maten, og drog på ein liten turné, der han åt saman med dei eldre. Målet var å få innspel til vidare utvikling, og vita mest mogleg om korleis dei eldre som skulle eta maten ville ha det.

- Avdelingsleiar Christine Løtveit Fosse kom tidleg med eit forslag om å prøva ut middag på ettermiddag. Fram til då hadde middagen alltid vorte servert bebuarane klokka 13.30, fortel kjøkkensjefen. Dei prøvde fyrst ut ordninga med å servera middag på ettermiddag, klokka 15.30, på to avdelingar.

- Vi opplevde at det var meir ro kring måltida, og at dei eldre hadde betre tid til å eta. I tillegg fekk vi tilbakemelding på at dei sov betre på natta, og vekta gjekk opp, fortel Johnsen. No serverer dei middag til alle på Knarvik Sjukeheim og på Lindås bu- og servicesenter klokka halv fire.

- Det er viktig at me lyttar til ynskja til dei vi skal servera. Vi kan ikkje innfri alle, men vi skal i alle fall høra på kva dei seier og ta dei på alvor, seier Johnsen. Han nytter høvet til å rosa dei flinke folka han har med seg på kjøkkenet.

Kvardagskost på menyen

Når kjøkkensjefen tysdag  serverte statsministeren var det heilt vanleg kvardagskost som stod på menyen; kjøttollar i fløtesaus med grønsaker og poteter. 

Me  vil at statsministeren skal smaka på det som står på menyen ein heilt vanleg tysdag, seier Johnsen.  Til dessert fekk Erna Solberg  solbær-dessert, og både bebuarane og statsministeren let vel etter måltidet på sjukeheimen.

- Det var ei fin oppleving og god mat. Det Lindås gjer er eit eksempel for andre, sa statsministeren.

Ordførar Astrid Aarhus Byrknes tek imot statsminister Erna Solberg som skal eta middag saman med bebuarane på Knarvik Sjukeheim.
Ordførar Astrid Aarhus Byrknes tek imot statsminister Erna Solberg som skal eta middag saman med bebuarane på Knarvik Sjukeheim.
Web levert av CustomPublish