Startlån

Har du problem med å komme inn på bustadmarknaden eller med å bli buande i bustaden din? Då kan startlån vere ei aktuell låneordning for deg.

Det er Husbanken som finansierer denne ordninga, men kommunen som tar imot søknadar og gjer vedtak.

Kva får du?

Startlån er i hovudsak eit økonomisk hjelpemiddel til kjøp av bustad.

Du kan få startlån til:

  • Hjelp til å bli buande i bustaden du har no.
  • Refinansiering av eit dyrt lån.
  • Utbetring av bustad.
  • Tilpassing av bustad.
  • Bygging av bustad.
  • Topp- og fullfinansiering.

Kor mykje kan eg låne?

Dette må vi vurdere i kvart enkelt tilfelle.

Ein viktig føresetnad er at du som får startlån kan betene lånet over tid, og framleis ha nødvendige midlar att til å leve for.

Trykk her for å gå til Husbanken sine verktøy for å berekne startlån.

Krav til søkjar

Vi kan gi startlån til deg som ikkje får lån i vanleg bank, eller ikkje får nok lån til å finansiere eit kjøp av bustad.

Når vi handsamar søknaden din, vurderer vi to forhold:

  1. Om utfordringa med å finansiere eigd bustad vil vere langvarig.
  2. Om du har gjort det du kan for å spare.

I nokre tilfelle kan vi sjå vekk frå vurderinga over. Det kan vere i slike tilfelle:

  • Når du har barn i husstaden, eller særlege sosiale eller helsemessige utfordringar tilseier at de i løpet av kort tid må ha ein trygg, god og stabil busituasjon.
  • Når du har problem med å dekke buugifter, og refinansiering med startlån bidrar til at de kan bli buande.
  • Når busituasjonen gjer at du risikerer å miste ein jobb.

Slik søkjer du

Trykk her for å gå til sida på Husbanken med søknaddskjema til startlån.

Fyll ut skjemaet og send søknaden til:

Lindås kommune
Bustadkontoret
Kvernhusmyrane 20
5914 Isdalstø

Du kan også levere skjemaet i ekspedisjonen på rådhuset. Sidan søknaden din kan innehalde sensitivie opplysningar, er det viktig at du ikkje sender søknaden på e-post til kommunen.

Vi handsamar søknadane etter kvart som dei kjem inn. Du får eit svar frå oss innan 4 veker frå vi har mottatt søknaden din.

Klage på vedtak

Du kan klage på vedtaket, dersom du meiner at det byggjer på feil opplysningar.

Klagefristen er tre veker frå du har mottatt vedtaket. Klagen må vere skriftleg.

 

Web levert av CustomPublish