Ønskjer du å starte barnehage?

Før du etablerer ein ny barnehage må du søkje om å få barnehagen med i den kommunale finansieringsordninga for barnehagar. Dersom søknaden blir godkjend, vil barnehagen få tilskot etter gjeldande regelverk. 

Lindås kommune sitt framtidige behovet for barnehageplassar er avgjerande for om vi vil innvilge søknaden din. Før vi tar stilling til etablering av nye barnehagar gjer vi alltid ei kartlegging av behovet. Resultatet av kartlegginga er styrande for om kommunen skal etablere nye barnehagar, og kvar det er fornuftig å plassere ein ny barnehage.

Slik søkjer du

Søknaden om å etablere ny barnehage sender du på e-post til postmottak@lindas.kommune.no eller til:

Lindås kommune, Oppvekstavdelinga
Postmottak
Kvernhusmyrane 20
5914 Isdalstø

Om finansering

Dersom du får positivt svar på søknaden din, vil den nye barnehagen få støtte på lik linje med etablerte barnehagar i kommunen. Vilkår for å få tilskot er at prosjektet blir ferdigstilt i tråd med framdriftsplanen og at barnehagen har dei formelle løyva i orden ved etablering, til dømes omregulering, bruksløyve og godkjenning etter barnehagelova. 

Det er kommunen som betalar ut tilskotet.

Les meir

Trykk her for å lese meir om tilskot til private barnehagar

Trykk her for å lese meir om godkjenning av barnehagar

 

Web levert av CustomPublish