Her vert Christine Teigland overraska av informasjonsrådgjevar Silje Andvik Hoaas.

Her vert Christine Teigland overraska av informasjonsrådgjevar Silje Andvik Hoaas. Foto: Stig Erik Elliot, Avisa Strilen

Sprei glede – heile året!

Måndag 23. november er den årlege MOT til å glede-dagen her igjen! Målet er sjølvsagt å spreie litt ekstra glede denne dagen. I Lindås har vi utvida dagen til ein heilårsstafett.

Lindås kommune er ein MOT-kommune, og markerer sjølvsagt MOT til å glede dagen på alle ungdomsskulane våre.

MOT til å glede-dagen er eitt av mange tiltak i MOT-programmet, som skal skape robuste ungdomar og gi trygge oppvekstmiljø. Mottoet for dagen er å skape glede med enkle midlar. På skulane i Lindås har ungdomane sjølv ansvar for å lage eit program til denne dagen.

Då MOT-koorindator i Lindås, Randi Træland Hella, kontakta informasjonsrådgjevar Silje Andvik Hoaas for å få ut bodskapen om MOT-dagen i fjor – vart heilårsstafetten fødd.

Silje snekra saman ei bok med ei enkel oppskrift, og sendte boka til ei ho sette pris på. No har gleda spreidd seg til fleire avdelingar i kommunen.

Rådmann Ørjan Raknes Forthun har fått boka fordi han er engasjert, kunnskapsrik og svært omgjengeleg. Politisk sekretær Nora Gjerde har fått boka fordi ho alltid er smilande og blid – og gjer ein flott jobb for Lindås kommune. Avdelingsleiar Eli Presttun har fått boka og ein mørk sjokolade fordi ho er ein engasjerande og inkluderande leiar – og ein inspirerande sjel!

Boka har gått frå tilsett til tilsett med fine gåver og gode ord. Onsdag 18. november var det styrar i Juvikstølen barnehage sin tur. For å få litt ekstra blest kring dagen og den viktige bodskapen vart Christine Teigland overraska – med avisa Strilen på slep.

Film frå seansen kan du sjå her: Trykk her for å gå til saka på www.strilen.no

Christine fekk følgjande godord frå PPT-leiar Bodil Rossnes:

«…fordi du på ein fantastisk måte har vist oss eit stort fagleg «driv» og eit enormt engasjement i innføring av «Dei utrulege åra» i barnehagen. I tillegg til ditt personlege bidrag til «Dino-skulen».»

Sidan det å få litt uventa skryt er ein del av opplevinga, er Christine forsiktig med å røpe kva retning stafetten no vil ta. Berre ein ting er sikkert: Christine har ein spesiell i tankane – og lovar å sende stafetten vidare ut i organisasjonen Lindås kommune med stor fart og fine ord.

Orkar du ikkje å vente på boka? Set i gong din eigen stafett, då vel. Informasjonsrådgjevar Silje hjelper gjerne med å kome i gong. Berre send ein e-pos til silje.andvik.hoaas@lindas.kommune.no

 

Web levert av CustomPublish