Språkkafé

Vil du øve deg på å snakke norsk? På språkkafeen i biblioteket i Knarvik kan du snakke norsk med andre menneske. Samtalen om ulike emne går rundt små bord slik at alle kjem til orde. Biblioteket har mange frivillige som kjem kvar gong og kan difor tilpasse samtalen til ditt nivå.

Kva får du?
  • Øve deg på å snakke norsk.
  • Norske vertar som hjelper til med samtalen.
  • Sosialt fellesskap.
  • Kaffi, te og noko å bita i.
Krav til deltakarane

Språkkafeen er til for flyktningar og innvandrarar som ønskjer å øve seg på å snakke norsk.

Kva kostar det?

Språkkafeen er gratis.

Påmelding

Det er ikkje påmelding. Her er det berre å stikke innom for ein hyggjeleg prat, så finn du ut om det er noko for deg.

Kvar er det?

Lindås bibliotek (Knarvik senter)
Kvernhushaugane 2, 5914 Isdalstø

Når er det?

Kvar måndag frå kl. 14.00 – 15.15.

Meir informasjon

Finn du på Nordhordlandsbiblioteka si heimeside her – under program for Strilabiblioteket.

Kontakt oss
Web levert av CustomPublish