Spesialundervisning

Har du eit born som ikkje har eller kan få utbytte av det ordinære opplæringstilbodet på skulen, kan han eller ho ha rett til spesialundervisning.

Før kommunen avgjer om barnet ditt får spesialundervisning skal Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) vurdere kva som er best for barnet ditt.

Årsaka for å be om hjelp frå PPT kan vere mange:

  • Mistanke om forseinka utvikling
  • Språk- og kommunikasjonsvanskar
  • Lærevanskar
  • Fagvanskar
  • Konsentrasjonsvanskar
  • Åtferdsvanskar
  • Sosiale og emosjonelle vanskar
  • Funksjonshemming

Krav til skolen

Før skulen ber om ei vurdering frå PPT, skal leiinga på skulen alltid vurdere om det er mogleg å hjelpe barnet ditt innanfor det ordinære opplæringstilbodet. Skulen skal også sjå om det hjelper med tilpassa opplæring. Dersom ingen av tiltaka hjelper barnet ditt, skal skulen ta kontakt med PPT.

Slik søkjer du om spesialundervisning

  1. Ta kontakt med skulen til barnet ditt
  2. Skulen gjer sine undersøkingar og prøvar ut tiltak
  3. Dersom tiltaka på skulen ikkje hjelper barnet ditt, tar skulen kontakt med PPT og ber dei om ei sakkunnig vurdering. PPT vurderer behovet for spesialundervisning, og gir råd til kva type tilbodet barnet ditt bør få. Dette kan ta inntil 90 dagar.
  4. Rektor gjer vedtak om spesialundervisning
  5. Barnet ditt og du som føresett må samtykke

Klage

Du kan klage på det endelege vedtaket til rektor på skulen.  Vi har ikkje eit eige skjema for dette, så det er nok at du skriv eit brev og sender det til skulen.

Web levert av CustomPublish