Sommarope på bestillarkontoret

På grunn av ferieavvikling, vert det redusert kapasitet på bestillarkontoret frå 16. juni til 29. august.

I denne perioden vert bestillarkontoret tilgjengeleg på telefon mellom 1000 og 1400.

Du som har ein søknad til vurdering, må rekne med at handsaming av saka di tar litt lengre tid i denne perioden. Dette gjeld sjølvsagt ikkje saker knytt til nødvendig helsehjelp. Vurdering og sakshandsaming av nødvendig helsehjelp har alltid høgast prioritet!

Sidan det er avgrensa tilgjenge på telefon i denne perioden, oppmodar vi alle, som har moglegheit til det, til å sende e-post.

Kontaktinformasjon:
Telefon (sentralbordet): 56 37 50 00
E-post (til bestillarkontoret): bestillarkontoret@lindas.kommune.no

 

Web levert av CustomPublish