Sommarjobb i Lindås kommune?

Har du tenkt på at ein sommarjobb i kommunen ikkje berre gir deg eit kortvarig arbeidsforhold, men også er eit godt høve til å bli betre kjent med kommunen som arbeidsplass? Her får du nyttig erfaring og sommarjobben kan også hjelpe deg til å vurdere framtidige yrkesval.

Vi treng ferievikarar til sju av einingane våre. Til nokre av stillingane treng vi personar med utdanning og erfaring, men dei fleste stillingane er opne for motiverte ungdommar. Er dette noko for deg?

Bruk sommarferien til å vise kva du er god for og søk sommarjobb hos oss!

Slik søkjer du

Trykk her for å gå til oversikta over ledige stillingar i kommunen.

For at vi skal kunne handtere alle søknader på ein god måte er det viktig at du søkjer via heimesida vår. Henvendingar som berre kjem via e-post, telefon eller personleg oppmøte vert ikkje handsama som søknader.

Søknadsfrist

Søknadsfristen for alle sommarjobbar i Lindås kommune er  21. mars 2017. 

Web levert av CustomPublish