Ordførar Astrid Aarhus Byrknes ønskjer alle ei god sommar!

Ordførar Astrid Aarhus Byrknes ønskjer alle ei god sommar! Picasa

Sommarhelsing frå ordføraren

Nyt tida med familie, vener og andre du gjerne skulle hatt meir tid til elles i året, skriv ordførar Astrid Aarhus Byrknes i si sommarhelsing til deg!

Eg vil gjerne nytte høvet til ei lita sommarhelsing, no som mange går ut i ferie. Eg håpar innbyggarar, tilsette og alle med tilknyting til Lindås får ein fin sommar, anten de drar på ferie til det store utland, skal feriere i Noreg eller satsar på heimeferie her i den flotte kommunen vår.

Bak oss har vi ein hektisk og arbeidskrevjande vinter og vå. Arbeidet med å skape eit enda betre samfunn for oss alle er fortsatt jobb nummer 1 i Lindås kommune.

Eg håper folk nytter ferietida godt. Arbeidslivet er hektisk og mange kjenner på tidsklemma, med krav og forventningar i kvardagen. Då er det ekstra godt med tid til å ta seg inn att, tid til familie, vener og andre ein gjerne skulle hatt meir tid med resten av året. Nyt dei lange sommerdagane og lad batteria - for sommartid betyr også ferietid!

I Lindås har vi mange varierte aktivitetar og kulturtilbod, som våre dyktige lag og organisasjonar legg til rette for.

Det er flott å sjå at så mange deltek på desse arrangementa helg etter helg, og eg er utruleg stolt og glad for desse møteplassane vi har i kommunen vår.

Kommunen er prisgitt utallege eldsjeler og frivillige, med gode initiativ og gjennomføringskraft. Tusen takk for den gode jobben de gjer for oss alle!

Eg vil også nytte høvet til å ynskje god sommar til næringslivet vårt. Vi har eit godt og vel fungerande næringsliv med både små, mellomstore og store bedrifter rundt i heile kommunen vår. Nye er under etablering, og andre skal utvide sitt område. Dette er svært gledeleg.

Så høyrer vi om at der også er bedrifter som sliter, og som er truga av nedlegging. Eg tenkjer spesielt på Western Geco – hjørnesteinsbedrifta plassert sentralt i Knarvik, som alltid har vore ei innovativ kompetansebedrift med arbeidsplasser både til ufaglærte, faglærte og høgskuleutdanna. Det er svært leitt at denne bedrifta no er utsatt for ei eventuell nedlegging. Eg forstår dei mange som jobbar der, deira frustrasjon og deira mismot.

Med eit vers av Sumarnatta skrive av vår kjente Lindås-diktar Aslaug Laastad Lygre, vil eg ynskje dykk alle ein fin og god sommar.

Vi skal ikkje sova bort sumarnatta;
ho er for ljos til det -
Då skal vi vandra i saman ute
under dei lauvtunge tre.

 

Beste helsing,
Astrid Aarhus Byrknes
Ordførar

Web levert av CustomPublish