Søkje redusert foreldrebetaling

Ordninga gjeld for foreldre og føresette med barn i kommunale og private barnehagar.

Har du rett på redusert foreldrebetaling?

Du har rett på redusert pris om:

  • maksprisen for ein barnehageplass er høgare enn 6 prosent av den samla inntekta til hushaldninga
  • den samla innteksta til hushaldninga er lågare enn 533.500 kroner 
Har du rett på gratis kjernetid?

Gratis kjernetid betyr 20 timar gratis opphald kvar veke i barnehagen. Har barnet ditt heildagsplass må du sjølv betale for opphald utover dei 20 timane.

Hushald med inntekt lågare enn kr 533.500 per år som har 3-, 4- og 5-åringar, og barn med utsett skulestart, kan søkje om gratis kjernetid. 

Slik søkjer du:

Du må søkje innan 1. september for å få moderasjon frå oppstarten av nytt barnehageår.

  • Bruk det elektroniske søknadsskjemaet vårt - trykk her for å opne skjemaet
  • Du må leggje ved sjølvmeldinga di som dokumentasjon. Dersom noko ikkje er registret på sjølvmeldinga av person- eller kapitalinntekt, må anna relevant dokumentasjon leggjast ved søknaden.
  • Merk all dokumentasjon med navn til barnet ditt og send dokumentasjonen til: Lindås kommune, Dokumentsenteret, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø.
  • Som hovudregel gjeld søknaden for eitt barnehageår om gangen.

Du kan lese meir om den nye ordninga på Utdanningsdirektoratet sine sider - trykk her for å gå til sida!

Web levert av CustomPublish